Sokkeldirektoratet

Ny rettleiar for statusrapportar

Kontakt-oss-red.jpg

15.03.2021 Ny forskrift for statusrapportar trådde i kraft 1. januar 2021, og no er revidert rettleiar for statusrapportane klar.

Se revidert rettleiar for statusrapportane (pdf).

Norsk sokkel blir stadig meir moden, og nye utvinningsløyve vil stadig oftare omfatte areal som har vore konsesjonsbelagt ein eller fleire gongar. I nokre tilfelle får selskap tildelt areal som allereie har vore grundig evaluert av tidlegare rettshavarar.

Dei siste åra har det vore fokus på om større grad av deling av ulike typar data frå norsk sokkel vil gi ei meir effektiv ressursforvaltning.

Offentleggjering av statusrapportar vil betre tilgang for selskap som vurderer å søke i område som har vore tildelt tidlegare. Dette vil sikre eit minimum av erfaringsoverføring frå tidlegare rettshavar til neste, samt gi innsikt om nyare data og studiar som ein som ny rettshavar kan vurdere å skaffe seg.

Frigjeving av statusrapportar er venta å ha ein effektiviseringsgevinst ved at nye rettshavarar kan gjere seg nytte av tidlegare arbeid for å unngå å duplisere tidlegare arbeid som ikkje fører til ny kunnskap.

På denne måten kan ein få meir kostnadseffektiv leiting, både gjennom auka idémangfald og konkurranse – samt gjennom redusert leiterisiko. Ein legg såleis til grunn ein samfunnsøkonomisk vinst ved å frigi statusrapportane.

Statusrapportane er underlagt teieplikt etter petroleumsforskrifta paragraf 85 fjerde ledd. Teieplikt for tolka data i statusrapportar fell bort frå det tidspunkt utvinningsløyvet blir gitt opp, fell bort, går ut eller området der data stammer frå blir levert tilbake. Statusrapportane blir gjort tilgjengeleg på ODs Faktasider.

Forskriftsendringa trådde i kraft 1. januar 2021. Eit overgangsvedtak for forskriftsendringa gir høve til rettshavarar å, innan seks månadar (det vil seie 1. juli 2021), be om at dei delane av rapporten som inneheld tolka data innsendt før forskriftsendringa trådde i kraft, kan takast unna offentlegheita. Dette må då grunngjevast med konkret informasjon rundt konkurransemessige tilhøve relatert til hemmeleghald av desse.

Se alle veiledninger

 

Oppdatert: 16.03.2021

Siste nyheter

Nytt dashbord: Ressursbilde per selskap
14.11.2025 Et nytt dashbord gir deg oversikt over rettighetshavernes petroleumsressurser og -reserver på norsk sokkel.
Avgrensing av oljefunnet “Zagato” i Barentshavet – 7122/8-4 S
13.11.2025 Vår Energis avgrensningsbrønn 7122/8-4 S bekrefter oljefunnet 7122/8-3 S (“Zagato”), som ble påvist i februar.
Ny teknologi er god butikk ved stenging av brønner
13.11.2025 Om lag 2900 brønnbaner på norsk sokkel skal plugges og stenges ned framover, men utvikling og implementering av ny teknologi kan spare næringen og samfunnet for store kostnader.
Tørr brønn i Nordsjøen (34/6-9 S)
11.11.2025 Equinor og partnerne har boret en tørr brønn i Snorre-området i Nordsjøen.
Tørr brønn i Nordsjøen (30/11-16 S)
07.11.2025 Aker BP og partnerne har boret en tørr brønn i Yggdrasil-området i Nordsjøen.
Boreløyve for brønnbane 7220/7-5
07.11.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 7220/7-5 i utvinningsløyve 532.
Ny veileder for statusrapporter – CO2-lagring
31.10.2025 Sokkeldirektoratet har utarbeidet en veileder som angir hvordan krav i Forskrift om dokumentasjon ved lagring av CO2 på sokkelen § 26 kan oppfylles.
Ny rapport om kraft fra land
29.10.2025 Kraft fra land som erstatning for gassturbiner har vært det viktigste tiltaket for å redusere utslippene av klimagasser offshore.
Boreløyve for brønnbane 7018/5-2
29.10.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 7018/5-2 i utvinningsløyve 1236.
Boreløyve for brønnbane 25/8-C-23 D
24.10.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Vår Energi ASA boreløyve for brønnbane 25/8-C-23 D i utvinningsløyve 027.