Regjeringa legg til rette for havbotnmineralverksemd

© Stortinget
20.06.2023 Regjeringa foreslår å opne delar av norsk kontinentalsokkel for kommersiell havbotnmineralverksemd.
Regjeringa legg samtidig fram ein strategi som viser korleis Noreg skal vere verdsleiande når det gjeld ei fakta- og kunnskapsbasert forvaltning av havbotnmineralressursane.
Miljøomsyn skal varetakast i heile verdikjeda og utvinning vil berre tillatast om industrien kan vise at det kan skje på ein berekraftig og forsvarleg måte.
Oppdatert: 20.06.2023