Produksjonstal for september 2019
15.10.2019 Førebels produksjonstal i september 2019 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 574 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 86 000 fat per dag samanlikna med august.
Til saman blei det selt 5,8 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 2,4 GSm3 lågarer enn månaden før.
Væskeproduksjonen i september fordeler seg slik: 1 312 000 fat olje, 244 000 fat NGL og 18 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.
Oljeproduksjonen er 7,7 prosent under OD sin prognose for september og 4,1 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2019. Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i september er lågare enn venta er tekniske problem og vedlikeholdstans på nokre felt.
Produksjon september 2019
Oljeproduksjon 2019
Væskeproduksjon 2019
Gassproduksjon 2019
Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2019 er om lag 157,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel. Av dette er om lag 57,7 MSm3 o.e olje, om lag 14,5 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 84,9 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 13,8 MSm3 o.e. lågare enn i 2018.
Oppdatert: 16.10.2019