Sokkeldirektoratet

Avgrensning av funn i Nordsjøen (35/10-12 S)

coslpromoter.png

Brønnen er bora av leiteriggen COSLPromoter. (Foto: Wellesley Petroleum)

10.07.2024 Wellesley Petroleum har påvist olje og gass i avgrensingsbrønnen Gnomoria Appraisal (35/10-12 S) i Nordsjøen, om lag 100 kilometer sørvest for Florø.

Dette er den første avgrensingsbrønnen som er bora i utvinningsløyve 1184 S, som vart tildelt i TFO 2022. Brønnen er bora av leiteriggen COSLPromoter. Førebels berekning av storleiken på funnet er mellom 0,8 og 4 millionar standard kubikkmeter utvinnbare olje-ekvivalentar (Sm3 o.e.). Dette svarer til mellom 5 og 25 millionar fat o.e.

Gnomoria er i eit område med fleire andre funn. Rettshavarane vurderer å knyte funnet opp mot eksisterande infrastruktur i området.

Geologisk info

Formålet med brønnen var å påvise petroleum i øvre jura sandsteinar i Heatherformasjonen. Brønnen vart bora oppflanks kvar reservoarkvaliteten vart vurdert å vere betre for å avgrense Gnomoria-funnet frå 2018.

Brønn 35/10-12 S trefte ein gasskolonne på 11 meter og ein oljekolonne på 18 meter i Heatherformasjonen, i sandsteinslag på til saman 21 meter med dårleg til moderat reservoarkvalitet. Gass/olje-kontakten vart treft 3239 meter under havnivå. Olje/vass-kontakt vart ikkje treft.

Brønnen vart ikkje formasjonstesta, men det er utført omfattande datainnsamling og prøvetaking.

Brønn 35/10-12 S vart bora til eit vertikalt djup på 3346 meter under havflata (3805 meter målte djup under havflata), og vart avslutta i Heatherformasjonen i øvre jura.

Havdjupet er 363 meter. Brønnen er permanent plugga og forlaten.

Kart som viser hvor brønn 35/10-12 S er lokalisert.

 

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 10.07.2024

Siste nyheter

Boreløyve for brønnbane 31/4-A-15 B
30.06.2025 Sokkeldirektoratet har gitt OKEA ASA boreløyve for brønnbane 31/4-A-15 B i utvinningsløyve 055.
Oljefunn ved Johan Castberg-feltet i Barentshavet (7220/7-CD-1H)
30.06.2025 Equinor og partnere har gjort et oljefunn i prospektet «Drivis Tubåen».
Se nøkkeltallene våre i nye visualiseringer!
27.06.2025 Nå kan du kjapt og enkelt hente ut nøkkeltallene knyttet til petroleumsvirksomheten på norsk sokkel i interaktive dashbord.
Boreløyve for brønnbane 6506/12-PB-3 H
26.06.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 6506/12-PB-3 H i utvinningsløyve 094.
Tørr brønn i Nordsjøen (25/11-30 S)
26.06.2025 Equinor og partnerne har boret tørt i prospektet «Lit» i Nordsjøen.
Tørr brønn i Norskehavet (6405/7-4)
25.06.2025 Aker BP og partnerne har boret tørt i prospektet «Rondeslottet» i Norskehavet.
Boreløyve for brønnbane 15/8-3 S
23.06.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 15/8-3 S i utvinningsløyve 1137.
Produksjonstal mai 2025
20.06.2025 Førebels produksjonstal i mai 2025 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 980 000 fat olje, NGL og kondensat.
Avgrensningsbrønn bekrefter oljefunn i Norskehavet (6507/5-12 S)
19.06.2025 ConocoPhillips Skandinavia AS, operatør for utvinningsstillatelse 891, har avsluttet boring av andre avgrensingsbrønn 6507/5-12 S på oljefunnet 6507/5-10 S (Slagugle).
På tokt for å kartlegge miljø
18.06.2025 I en årrekke har Sokkeldirektoratet deltatt på forskningstokt for å få mer kunnskap om norsk kontinentalsokkel og ressursene i undergrunnen. Nå har vi også samlet inn miljødata.