Møtte oljeeventyret frå stovevindauget

«Rolf Øverland er ein av pionerane på norsk sokkel.» (Foto: Bodil Øverland)

«Rolf Øverland er ein av pionerane på norsk sokkel.» (Foto: Bodil Øverland)

Rolf Øverland var 22 år og bilmekanikar i fast jobb då han sommaren 1966 fekk auge på Ocean Traveler. Frå heimen på Kalhammaren i Stavanger kunne han sjå riggen som hadde kome til landet for å starta leitinga etter olje og gass. Dette var interessant…

Den amerikanske riggen hadde Esso henta over Atlanteren. For rogalendingane var synet uvant og eksotisk. Rolf Øverland meinte at det måtte vera feilnavigering.

– Det finst jo ikkje olje her? 

– Det var eit merkeleg syn. Kva skal den riggen her, tenkte eg? Den må han køyrt feil, det finst jo ikkje olje i Noreg. Det er arabarstatane som har olje. Eg tok heldigvis feil, seier han og ler, 60 år etter.

Enorm interesse for 36 stillingar

Riggselskapet Odeco hadde med seg eigne folk til nøkkelstillingane om bord, men dei trong også lokal arbeidskraft i Noreg. Då 36 stillingar på Ocean Traveler blei lyste ut, kom det om lag 2 000 søknader. Sjøfolk, industriarbeidarar, mekanikarar, bønder – og bilmekanikaren Rolf Øverland. Interessa var enorm. Hermetikkindustrien i Stavanger var på hell på 60-talet, og regionen trong både ny industri og nytt håp. Øverland fekk først avslag, men i andre runde slapp han gjennom nålauget.

Attraktiv løn og eventyrlyst

Han mønstra på i november 1966 og forlét dermed ein trygg jobb som bilmekanikar for noko langt meir usikkert, noko ingen kunne vita enden på. For Øverland var lønna attraktiv, men like viktig: Dette var spennande. 

– Eg fekk eit lønstilbod frå Odeco på 13,50 kroner timen. Det kunne ikkje bilforhandlaren eg jobba hos konkurrera med. Der kunne dei strekka seg til 9,30 i timen. Eg slo til. Løna var viktig, men eg var også eventyrlysten, vedgår Rolf Øverland. 

Dermed hadde bilmekanikaren blitt kontrollromoperatør på Ocean Traveler.

Bilde av Rolf Øverland i kontrollrommet på Ocean Traveller.

Øverland slutta som bilmekanikar og fekk jobb offshore. Her er han i kontrollrommet på riggen Ocean Traveler. Foto: Privat

Filma livet om bord

Frå 1966 til 1971 filma han livet på riggen. Opptaka gir eit sjeldan innblikk i pionertida på norsk sokkel. Det var eigentleg ikkje lov å fotografera eller filma om bord, men ingen reagerte på kameraet til Øverland. Seinare blei opptaka brukte i dokumentarfilmen Rocky – oljepioneren. «Rocky» er altså kallenamnet hans.

Dramatikk i Nordsjøen

Arbeidet om bord var tøft. Vêret kan jo vera direkte utriveleg i Nordsjøen, og riggen var definitivt ikkje konstruert for desse forholda. Ankera sleit seg, og riggen måtte ofte reparerast. Den mest dramatiske hendinga var kollisjonen med forsyningsfartøyet Smit-Lloyd hausten 1966. Riggen krenga kraftig, og det braut ut panikk om bord. Ingen omkom, men Øverland er i dag klar på at gode sjøfolk var avgjerande.

Sjølv kom han om bord like etter dramatikken, då riggen låg til reparasjon i Stavanger.

Var aldri redd

At Ocean Traveler ikkje var godt eigna til boreoppdrag i Nordsjøen, var det liten tvil om. Evakueringane blei etter kvart fleire, men Øverland opplevde likevel ikkje frykt.

– Trass i evakueringar og skadar på riggen var eg aldri redd om bord. Det var eg faktisk ikkje. Det var mange flinke sjøfolk om bord. Det kjendest trygt, seier han i dag.

Oppdatert: 17.06.2026

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.