60 år sidan jakta på olje og gass starta
I 1966 blei riggen Ocean Traveler frakta over Atlanterhavet for å starta leitinga etter olje og gass på norsk sokkel. Foto: Odeco. CC BY 4.0. Kilde: Digitalarkivet (https://goto.digitalarkivet.no/c8cb6ec4-8a51-4baf-9e87-7121787e31c8)
17.06.2026 Tysdag 19. juli 1966 klokka 08.20 starta boringa av den første leitebrønnen på norsk kontinentalsokkel.
Denne sommaren er det altså 60 år sidan jakta på olje og gass tok til. Dette er den første av fire artiklar om leiting på norsk sokkel.
Sommaren 1966 var starten på eit stort og viktig kapittel i norsk historie. Den første leitebrønnen blei bora, og sjølv om brønnen var tørr, ga boringa viktige svar om geologien i Nordsjøen.
Håpet om å finna olje og gass var vekt til live, trass i at Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) åtte år tidlegare hadde konkludert med at det neppe fanst petroleumsressursar på norsk sokkel. Kva hadde skjedd i mellomtida?
Ein uvanleg sommar i Stavanger
Sommaren dette året var av det slaget som skaper begeistra avisoverskrifter. Men det var langt meir enn finvêret som opptok folk. Den bemanna romferda til Nasa var sjølvsagt førstesidestoff i Stavanger Aftenblad. Samtidig dukka det opp ein uvanleg konstruksjon i Stavanger-området ei juninatt.
22. juni ankra boreriggen Ocean Traveler opp i Dusavik, ein kort køyretur nord for sentrum av byen. Oljeselskapet Esso hadde leigd riggen frå det amerikanske selskapet Odeco. At ein borerigg kom til Stavanger for å leita etter olje og gass, vekte oppsikt. Mange nysgjerrige rogalendingar måtte sjølvsagt ut og kikka på han.
Korleis hamna eigentleg riggen her, klar til å leita på norsk sokkel? NGU hadde jo alt i 1958 slått fast at «man kan se bort fra muligheten for at det skulle finnes kull, olje eller svovel på kontinentalsokkelen langs den norske kyst».
Den første brønnen
- I sommer er det 60 år siden riggen Ocean Traveler boret den første undersøkelsesbrønnen på norsk sokkel.
- Selv om brønnen var tørr, var den på mange måter det avgjørende første steget inn i petroleumsalderen.
- Omtrent en femtedel av verdiskapingen i norsk økonomi kommer direkte fra olje- og gassvirksomheten.
- Mer enn 200 000 personer er direkte eller indirekte sysselsatt i petroleumsnæringen. Dette tilsvarer om lag 10 prosent av privat sysselsetting i Norge.
Gassfunnet i Nederland ga nytt håp
Forklaringa finn me i Nederland i 1959. Då gjorde nederlendarane eit av dei største naturgassfunna i verda, under korn- og potetåkrane i Groningen-området. Funnet tente interessa hos dei store oljeselskapa og fekk geologane til å sjå med nye forventningar mot Nordsjøen. Geologien i Groningen var jo ikkje så ulik den me finn i Nordsjøen?
Forventningar er ikkje nok. I oktober 1962 søkte Phillips Petroleum om løyve til leiting i Noreg. Selskapet ville ha lisens for den norske delen av Nordsjøen, og baud 160 000 dollar i månaden. Norske styresmakter oppfatta dette som eit forsøk på å sikra seg eksklusive rettar – og takka nei. Haldninga var at fleire selskap måtte sleppa til dersom det skulle opnast for leiting. Samtidig gjenstod mykje regulatorisk arbeid.
Suverenitet, deling og konsesjonsrunde
I mai 1963 erklærte Gerhardsen-regjeringa norsk suverenitet over den norske kontinentalsokkelen. Ei ny lov slo fast at staten var grunneigar – og berre regjeringa kunne gi løyve til leiting og utvinning. Selskapa fekk høve til å førebu undersøkingar, altså seismiske kartleggingar.
Men delinga av kontinentalsokkelen, i hovudsak med Danmark og Storbritannia, var ennå ikkje avklart. Det gjekk nesten to år frå suverenitetserklæringa i 1963 til avtalane om deling etter midtlinjeprinsippet var på plass. Først kom avtalen med Storbritannia i mars 1965, deretter avtalen med Danmark i desember same året.
I april 1965 lyste regjeringa ut den aller første konsesjonsrunden. Heile 278 blokker, kvar på 500 km2, sør for 62. breiddegrad låg i potten. 11 søknader kom inn, og i august var dei første konsesjonstildelingane på norsk sokkel eit faktum: 22 utvinningsløyve på 78 blokker.
Inga boring utan rigg
Med løyvet på plass, måtte det praktiske ordnast. Esso var raskt ute og skreiv kontrakt med det amerikanske riggselskapet Odeco. Det fanst ikkje boreriggar her i landet, så Ocean Traveler blei frakta frå Mexicogolfen. Transporten blei både lærerik og krevjande. Ein av flytepongtongane begynte å lekka og måtte reparerast då riggen kom til Stavanger.
Det blei også raskt klart at ein konstruksjon som var laga for Mexicogolfen, ikkje passa like godt i vêrharde Nordsjøen. Ocean Traveler var bygd for lågare bølger og mindre vind. Plattformene på norsk sokkel måtte derfor byggast kraftigare for å tola norske forhold.
Riggen blei uansett reparert i Stavanger, og etter inspeksjon frå fleire norske tilsynsmyndigheiter kom klarsignalet i juni 1966. Boringa etter olje kunne starta i Nordsjøen, og Ocean Traveler blei frakta til blokk 8/3, 160 kilometer sørvest for Stavanger.
Tørr brønn, men verdifull kunnskap
Den 19. juli klokka 08.20 starta boringa. 94 meter ned til havbotnen var det der Ocean Traveler sette i gang den historiske boreoperasjonen. Det var ei teknologisk bragd å bora på så store djupner. Då brønnen var ferdigbora i oktober 1966, etter vel 80 døgn, var han 3015 meter djup, men resultatet var skuffande. Brønn 8/3-1 var tørr.
Likevel var ikkje arbeidet bortkasta for Esso. Boringa hadde stadfesta at geologien langt ute i Nordsjøen likna den i Nederland. Dette gav nytt håp. Samtidig viste operasjonen at det faktisk var mogleg å bora etter olje og gass i dette vêrharde området.
Kollisjon og spor av olje
I november fekk Odeco beskjed om å flytta Ocean Traveler. Turen gjekk nordvestover til blokk 25/11. Heller ikkje denne gongen gjekk alt knirkefritt. Riggen støytte saman med forsyningsskipet Smit-Lloyd under lossing. Hòlet i den eine pongtongen førte til at vatn strøymde inn, og riggen fekk kraftig slagside. Fleire av mannskapa kasta seg i sjøen. Ved å sleppa vatn inn i pongtongane på motsett side blei riggen heldigvis stabilisert. Odeco stoppa boreoperasjonen – og Ocean Traveler måtte ut på ny tur til Stavanger for å bli reparert.
Først i mars 1967 var riggen tilbake på feltet, og boringa av brønn 25/11-1 kunne halda fram. I juli blei arbeidet avslutta, og denne gongen fann dei faktisk spor av olje – eller spor av hydrokarbon i nedre tertiær, for å vera meir presis. Dei første dropane kunne takast om bord og testast i laboratoriet.
Dei store jubelscenane blei det rett nok ikkje. Esso meinte funnet var for lite til å utvinnast. Ettertida viste noko anna. Dette var nemleg Balder-feltet, som kom i produksjon 30 år seinare og inneheldt rundt 110 millionar kubikkmeter olje (700 millionar fat).
Ocean Traveler hadde gjort det han kom for å gjera. I 1967 fann dei spor av olje som seinare viste seg å vera Balder-feltet.
60 år etter står denne historia igjen som eit startpunkt. Dei første brønnane gav få svar der og då – men dei la grunnlaget for kunnskapen, teknologien og trua som skulle forma norsk sokkel i tiåra etter.

«Rolf Øverland er ein av pionerane på norsk sokkel.» (Foto: Bodil Øverland)
Kjelder og vidare lesing
- Norsk Oljemuseum – tidslinje og introduksjon til norsk oljehistorie
- Geo365: Den første oljen
- E24: «Rocky» er en av Norges første oljearbeidere: – Det var mye Texas-tilstander
- E24: 50 år siden startskuddet for norsk oljeboring
- Trude Meland og Helge Ryggvik (2024): Norsk rigghistorie. Gjennom storm og stille. Stavanger, Wigestrand Forlag.
- Egil Helle (1984): Norges olje – de første 20 årene. Oslo, Tiden Norsk Forlag.
Oppdatert: 09.07.2026
