Digitale palynologiske preparat
Digitalisering av Sokkeldirektoratet sine palynologiske preparat
Palynologiske preparat inneheld fossilt mikroplankton, pollen og sporar som er ekstrahert frå kjernar og borekaks. Operatørar og konsulentlaboratorium produserer palynologiske preparat og leverer desse til Sokkeldirektoratet i tråd med ressursforskrifta paragraf 29.
Analysar av palynologiske preparat gir viktig informasjon om fleire geologiske faktorar i leite- og utvinningsbrønnar, som aldersdatering, brønnkorrelering, avsetningsmiljø og palynofacies.
Sokkeldirektoratet deler palynologiske preparat frå frigjevne brønnar med industri og akademia for å auke forståinga av undergrunnen. Tilgang til desse dataa legg til rette for meir presis geologisk tolking og kartlegging, og reduserer den økonomiske risikoen ved leiting og produksjon.
Direktoratet er no i gang med å digitalisere samlinga si av palynologiske preparat for å gjere materialet meir tilgjengeleg og enklare å analysere. På sikt kan løysinga òg omfatte andre mikroskopiske preparattypar, som petrografiske tynnslip og nannoplanktonpreparat.
Gjennom denne satsinga får biostratigrafar eit moderne digitalt grunnlag for tolking og korrelering av palynologiske data, med digitale preparat til nedlasting frå Diskos.
Oppdatert: 13.02.2026